nyhende

Praktisk info!

Program:

Torsdag:
Jon Hjørnevik
Dørene opnar 19:30

Fredag:
19:00 car.pool
20:00 Slomosa
21:30 brenn.
Dørene opnar 18:00

Laurdag:
19:00 Darling West
20:30 Odd Nordstoga
Dørene opnar 18:00

Ein kan løyse inn billett i armband frå klokka 15 begge dagar.

Plenen stenger klokka 00:00
Loungen stenger klokka 01:00

Det er sal av mat og drikke i begge områda.

Hardanger Taxi har utvida opningstider til klokka 05:00, og ber om at folk ikkje ringer etter taxi, men stiller seg opp på holdeplassen. Alle bilane køyrer innom der.

I loungen har ein allereie kjøpt kohort-billett, og får bord saman med dei ein løyser inn kohort-billetten med. Alle må kome saman til inngangen for å få løyst inn billett i armband.

På plenen må ein finne seg ein plass, det er bord og stolar, og fire plassar på kvart bord. Ein må bli på plassen sin gjennom arrangementet, og det er ikkje høve til å slå saman bord eller flytte seg. Det betyr at ein må komme saman med dei ein vil sitje saman med, om ein vil vere sikker på å få plass saman.

Ein bestiller mat og drikke ved å bestille på Vipps og så vise kvittering til ein av servitørane på området. Det er servering ved borda, og ikkje vanleg bar.

Me veit dette er ei litt anna festivaloppleving enn bygdalarmarane er vane med, men me håpar de tek omsyn og respekterer reglane. Det er dette som skal til for at me kan ha festival i år. Neste år kan me igjen (kryss i taket) herje fritt på plenen og vere så nær me berre klarar.

Det er ikkje høve til å forflytte seg mellom områda.

Les vidare kva som gjeld når du tingar billett :

Me sel kun dagspass.

Torsdag:
Her kan ein bestilla plenbillettar. Max 3 stk. per bestilling. Dørane opnar klokka 19.30 og stenger klokka 23.00.
Pris: 400kr

Fredag og laurdag:
Her kan ein bestilla plenbillettar. Max 3 stk. per person.
Pris: 650 kr

Ein kan òg bestilla kohortbillettar på terasse (4 og 8 personar i kohort). Max 1 stk. bestilling.
Pris: 2550/5100

Plenen er nærast scenen, kohortbillettane gir tilgang til loungeområdet litt lenger bak, men høgare terreng gjev god sikt likavel.

Dørane opnar klokka 18.00 og stenger klokka 23.00.

Billettar for hotellrom med utsikt må tingast via Hardangerfjord Hotel.

Lenke til Ticketco: https://bygdalarm.ticketco.events/…/m/e/bygdalarm_mini_2021

Bygdalarm og Hardangerfjord Hotel føl til ei kvar tid gjeldande smittevernsreglar. Kjøper du billett på vegne av andre, står du som billettkjøpar ansvarleg for å formidla informasjon om eventuell smittesporing til dei du kjøper for.

Og forresten: ein kan kjøpe Bygdalarm-effektar utanfor Hardangerfjord Hotell!