Laurdag 15:00 Thon Hotel Sandven kårar me vinnarane av årets Littlarm, og den beste gjendiktinga av Leopnard Cohen på nynorsk.
Få poetar har prega musikkhistoria som Leonard Cohen (1934-2016). Han platedebuterte på sekstitalet og utmerka seg straks for sin vakre men samstundes direkte stil. Den kanadiske levemannen har delt frå liv og kjærleik med ein penn som kan få sjela og auga til å renna over. Han er forsøkt gjendikta på eit utal språk, men kanskje er nynorsk den språkdrakta som vil kle Cohen sine tekstar best av alle?
Me har utfordra lekmann og lærd over heile landet til å kasta seg inn i tevlinga om dei beste Leonard Cohen-gjendiktingane. Vinnartekstane vert framførte av vårt eige eminente husband og nesten-eminente Microbandet under årets LittLarm.
Juryleiar i år er lyrikar, omsetjar og Cohen-fan Per Olav Kaldestad. Under LittLarm møter han Brit Aksnes og Håvard Gjerde til samtale om utfordringane med gjendikting, om Cohen og sjølvsagt: vinnartekstane.
Husbandet: Stig Lundblad-Sandbakk og Nan Espeseth. Microbandet: Brit Aksnes og Kjersti Døssland. Tid: laurdag kl 15 Stad: Thon Hotel Sandven Inngang: 150 kr (100 kr for dei med Bygdalarm-pass) Arrangørar: Kvam Mållag og Bygdalarm. Med støtte frå Aschehoug, Folkeakademiet, Noregs Mållag, Hordaland Mållag og Hardangerrådet.