Artistar

Synne Vo

Kjem Noregs nye popstjerne frå Gudbrandsdalen?

Synne Vo er 22 år, artist og låtskrivar frå Lesja i Gudbrandsdalen.

Med si sjarmerande dialekt formidlar ho kvardagslege tekstar i et organisk og fengjande lydbilete. Eit friskt pust på den norske popmusikk-scenen og ein artist me kjem til å høyre mykje frå iframtida – som kjem til å passe perfekt inn på Bygalarmplenen2022!

Gjennom ein oppvekst i bygdenoreg, vil mange på bygdalarmplenen lett kunne relatere seg til opplevingar og tanker velformulert med stødig penn før dei endar opp som fengjande popmusikk. I dette universet treff ein på sekstenåringen som er fjortisfull på pappen sin gin, ein kjenner på lengselen etter heimbygda sin og det staden ein forelska seg for fyrstegong.

Sjølv har Synne flytta frå bygde si og til storbyen (og så tilbake igjen), før ho det siste året har gjort ferdig studiane i musikkproduksjon på Limpi. Under studietida slapp ho låten «Ikkje tenk på meg» på eigehand, og resulterte i 21 veker på A-lista til P3! Bygde-effekt?!

 

Som låtskrivar har ho óg fått høve til å skrive filmmusikk. Dette resulterte i«Gonna be alright», låten til suksessen «Børning 3». Sidan det ikke er ofte ein får høve til å føle seg litt som James Bond endte ho opp med å synge den sjølv óg.

Etter endte studiar venta platekontrakt i Oslo og bygda vart atter ein gong bytt ut med storbyen Denne gongen er ho klar, som artist og låtskriver på fulltid. Fyrst ut varlåten «Ett minutt». Ein melankolsk break-up låt som skildrar kjensla av forholdets siste seksti sekund. Denne låten skrev Synne etter ein samtale med ei venninne som gjekk gjennom eit kjipt brot.

Ett minutt» såg dagens ljos 8. januar og vart same veke «Ukas låt på P3», og lagt til på P1sine spelelister. I tillegg trillet VG en femmer på terningen, og skrev blantannet: «Nydelig og troverdig vart, med et forsiktig støttende arrangement. Lesja i Gudbrandsdalen har hittil fostret flere skiskyttere enn popstjerner.Her endrer det seg i løpet av ett minutt.»

Warner-utgivelse nr. to var AstridS-cover: «De e ok um du glømme me», som gjekk som ein farsått gjennom TikTok og etter nærmast eit krav frå fansen, seinare lagt ut på Spotify; ein skikkeleg godtstykke musikk!

Singelsen «Seksten» visar verkeleg kviforho har blitt lagt merke til, og stadfestar at hun er ein artist å halde øyreopne for i tida som kjem. Synnenominert til «Årets Synkronisering» i Musikkforleggerprisen for låten «Gonna BeAlright» som ho skreiv til filmsuksessen Børning 3. Synne Vo entrar Hardanger; og vil gje deg verkeleg gode musikkopplevingar på Bygdalarmplenen sumaren 2022!