Emir kjem til Bygdalarm! Tre år etter solodebuten har Emir gitt både konsertpublikum og meldarar bakoversveis på klubb og festivalar i fleng. Karen frå Bergen har ein solid pangkarriere gåande, både som halvparten av Sushi x Kobe og som soloartist. Debutplata fekk Spellemann, og songar som «Faller», «Alltid» og «10 ting» har blitt farsottar.
På plate nummer to fortel Emir historiar frå dei siste to åra, og har songar saman med store namn som Arif, Lars Vaular og OnklP. Digge melodiar og spennande tekstar kjem til å lage kok på plenen, og me gler oss som berre tusan til å herje laus!