Artistar

brenn.

Bygdalarm gjer dykk: brenn.

brenn. er eit relevant rockeband for notida – framtida er brennheit. brenn. entrar Bygdalarmplenen med ein uredd, fri, uhøgtidleg og fargesprakande rock. Pop og rock i skjønn foreining vert presentert når duoen leverar tonar som skil seg frå det kjente musikklandskapet og fengjar fans, så vel som nyetilkomne brenn-elskarar.

Sidan gjennombrotet i 2019 har brenn. sanka nominasjonar som «Årets live» under p3 gull; og med albumet «Elsker» raska dei med seg «årets rock» under prestisjetunge Spellemann-prisen. Med framifrå energi, råskap og fritt musikkbilete sitt høge terningkast laust blant kritikarane. brenn. leverar musikk til morgondagen, og vert ein garantist for god stemning på Bygdalarmplenen. Som nemnt; framtida er brennheit.